Biskop med 360 graders snuoperasjon

Det er mange som er fortvilet over politikeres politiske styring av kirken. I boken "Alarm" (Luther Forlag, 2010) sier Hanne Nabintu Herland følgende:

"Det er mulig at enkelte jubler i regjeringskvartalene. Det ser ut til at man endelig har overvunnet den konservative kraft som kirken har representert i århundreder,den man satte seg nøye fore å endre gjennom politisk infiltrering. Man står i dag klar til å reformere og redefinere Den norske kirkes innhold".

En kan gjerne skylde på politikerne, men de bør ikke få all skyld. Mange norske kirkelederes har vist en skremmende politisk korrekthet og teologisk elastisitet i nært sagt alle retninger. I avisen Dag og Tid (nr.33 2007) skriver journalist Jon Hustad en tankevekkende artikkel om biskop Tor B. Jørgensens snuoperasjon i homofilispørsmålet under tittelen "Biskopen som snudde homokappa". Jeg gjengir:
-----


BISKOPEN SOM SNUDDE HOMOKAPPA
v/Jon Hustad

Fleire kyrkjeleiarar har endra synspunkt på homofili, men få har endra synspunktet så fundamentalt som biskopen i Sør-Hålogaland, Tor Berger Jørgensen, syner eit brev Dag og Tid har fått tilsendt.

Mykje peika mot at Kyrkjemøtet hausten 1995 skulle verta vanskeleg. Atter var det dette med dei homofile. Kunne kyrkja godta prestar som hadde seksuelt samkvæme med personar av same kjønn, ja kunne kyrkja i det heile akseptera at par av same kjønn levde i lag? På ny var det biskopane som hadde reist problematikken. Bisperådet hadde skrive eit brev til Kyrkjerådet der dei ba rådet om å setja temaet ”Homofile i kirken” på sakskartet når det øvste maktorganet i kyrkja, Kyrkjemøtet, skulle samlast i november.

Det var Sigurd Osberg, Rosemarie Køhn og Ola Steinholt som hadde reist saka i Bisperådet. Det meinte tida var komen for at Den Norske kyrkja skulle akseptere homofilt samliv og at homofile som levde i partnartilhøve, skulle få stillingar i norsk kyrkje. Dei ynskte og at kyrkja skulle laga eit formalisert forbønsritual for personar som levde i homofilt samliv. Dei tre tapte klårt. Eit fleirtal på elleve i Bisperådet gjekk i mot liberalisering. Mindretalet kunne nok trøysta seg med at dei fekk sterk stønad frå Arbeidarpartiet med Trond Giske i spissen.

Homobrevet
Trass i nederlaget skapte synet til dei tre biskopane opprør mellom dei lågkyrkjelege organisasjonane i statskyrkja. Særleg var leiaren for Det Norske Misjonsselskap, Tor Berge Jørgensen, opprørd. Det var elles ikkje uventa. Berger Jørgensen hadde i 1993 stått i spissen i kampen mot at Stortinget skulle vedta ei ny partnarskapslov.

I november 1995 skreiv Jørgensen saman med Egil Grandhagen i Norsk Luthersk Misjonssamband, Jens Petter Johnsen i Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag, Torbjørn Lied i Den Norske Santalmisjon, Ole Abel Sveen i Det Vestlandske Indremisjonsforbund og Anfin Skaaheim i Det Norske Lutherske Indremisjonsselskap eit brev til Kyrkejmøtet. Kjeldene våre seier at det var Jørgensen som både tok initiativet til brevet og som førde det i pennen.

I brevet tek dei seks ei tydelig oppgjerd med mindretalet i Bisperådet: ”Vi beklager sterkt at denne prosessen setter til side de grunnleggende rammene Guds ord setter for seksuelt samliv, slik mindretallet i Bispemøtet gjør i sin uttalelse i denne saken (…) For Kirkemøtet må det i lys av dette være avgjørende viktig å få fram at grunnlaget for kirkens syn er at ”Guds ord taler om at det seksuelle samliv hører hjemme i ekteskapet mellom mann og kvinne”, slik Kirkerådet selv uttrykte det i sin uttalelse av 12.mai i år. Her understrekes det at homofilt samliv er i strid med skaperordningen, slik Skriften vitner om det, og slik at det samtidig bekreftes av konkrete enkeltord i Skriften. Og det konkluderes dermed at ”seksuelt samliv mellom homofile ikke kan godtas som kirkens syn”. Vi ber derfor Kirkemøtet legge dette til grunn for sine vedtak i saken”.

Underskrivarane mana til slutt i brevet om at ein måtte unngå splid og at Kyrkjemøtet måtte stå fast: ”Den grunnleggende forutsetning for dette er nettopp å holde fast på at Guds gode vilje for seksuelt samliv er knyttet uløselig sammen med ekteskapet mellom mann og kvinne”.

Klårt homo-nei
Jørgensen og dei andre fem vann ein braksiger. Eit stort fleirtal på 58 vedtok ei klår avvising både av tilsetjing av personar som levde i homofilt samliv og tanken om ei liturgisk ordning om kyrkjeleg forbøn for personar som leve i homofilt samliv.
Vi kan kanskje gå ut frå at det ikkje var med tungt hjarta kyrkjestatsråd Valgerd Svarstad Haugland hausten 1999 fekk Kongen i statsråd til å utnemna Tor B. Jørgensen til domprost i Bodø frå 1.januar 2000.

I 2000 fekk vi ei ny regjering. Vi fekk den fyrste regjeringa Stoltenberg. Og i 2000 fekk Jørgensen brått eit nytt synspunkt på homofilisaka. Kyrkja måtte både akseptera homofilt samliv og at homofile skulle få stillingar i statskyrka. Frå eit karrieresynspunkt var dette ei vitug endring i syn.
Den 17.november 2006 utnemnde Trond Giske og Kongen i statråd Jørgensen til biskop i Sør-Hålogaland bispedøme. EI veike før vigslinga den 28.januar 2007 gjekk Jørgensen ut i Aftenposten. I lag med Solveig Fiske, som og er utnemnd av Giske, gjekk han inn for at homofile og lesbiske par burde få gifta seg i kyrkja.

Ja til ny statskyrkje
Den 19.april i år la Trond Giske og sentralstyret i Arbeidarpartiet fram ein ny modell for Den norske kyrka. Ap gjekk inn for å taka bort formuleringa i Grunnlova om at staten har ein offentleg religion, men Den norske kyrkja skulle framleis ha forankring i Grunnlova. I tillegg skulle biskopane framleis verta utnemnde av kyrkjetstatsråden i Kongen i statsråd, men denne ordninga skulle avviklast når kyrkja ein eller annan gong vert mogen for indre sjølvstyre.
Motstanden mot framlegget har vore stor både mellom biskopane og andre i Den norske kyrkja. Den 20.april gjekk Jørgensen ut i Dagsavisen og stødde framlegget: ”- Jeg er overrasket over hvor forenende dette forslaget er. Det sikrer både bevaring, åpner for endring og legger inn noen kort i prosessen for hvordan kirken skal utformes”, sa Jørgensen.

Djupt vonbråtne
Dag og Tid har tala med to av dei andre som skreiv under på brevet til Kyrkjemøtet i 1995. Dei er særs vonbråtne over Jørgensen. Den av dei fem andre brevskrivarane som kanskje arbeidde tettest med Jørgensen då han var leiar for Det Norske Misjonsselskap, er no avgådde leier for Det Norske Lutherske Indremisjonsselskap Anfin Skaaheim.
-Eg er vonbårten over at han som eg arbeidde så nært med, så lett har kunna endra synspunkt både så raskt og omfevnande; særleg vonbråten er eg sett i ljos av at det var vi to som i byrjinga av 1990-åra tok inititativ til den såkalla vasskilkonferansen der nettopp dette temaet var sentralt. Den gongen stod vi klårt og tydeleg saman om det bibelske synet på homofilt samliv.

Skaaheim meiner at han ikkje er åleine om å vera vonbråten.
–For meg personleg er det ekstra vondt at han no ikkje berre fundamentalt har skift syn, men faktisk går så langt som å seia at vi som meiner det han meinte før, krenkjer menneskeverdet til homofile. Trøysta får vera det ikkje berre er eg som er forundra over det som har hendt.

Diktatorisk Giske
Skaaheim er og forundra over stønaden Jørgensen har gjeve til Aps nye statskyrkjemodell.
– Eg finn mest ikkje ord for det eg meiner. Å seia at kyrkja ikkje skal få utnemna eigne leiarar før ho er mogen til det, er ei fundamental underkjenning av alle som er ein del av kyrkja.
-Men er det ikkje såleis at om ein skal verta biskop, så må ein meina det Giske meiner?
– Det kan verka slik. Eg har byrja å undrast på kva slags politisk struktur vi har her til lands når éin mann har fått så mykje makt, ein mann som ikkje er vald av noko kyrkjeleg organ. Det er uverdig for kyrkja det som no råkar henne. – Jørgensen er noe ein annan enn den eg kjende i 1990-åra, seier Skaaheim.

Statskyrkja kan falla
-Det er svært alvorleg, det som Jørgensen går ut med. Det er mest ikkje til å skjøna at det kjem frå ein mann som i organisasjonen sin lova å halda Guds ord, seier tidlegare leiar i Det Vestlandskej Indremisjonsfobund Ole Abel Sveen.

- Driv Jørgensen med karriereplanlegging etter ditt syn?
- Eg kan skjøna at du spør, for det kan sjå slik ut, men eg korkje vel eller kan tilleggja Jørgensen slike motiv. Sett fra utsida kan det sjå ut til at så lenge Giske får råda, kan ingen verta biskop utan å ha same syn som han på kva kyrkja skal vera. Giske seier at han er for demokrati og mangfald, likevel vil han ikkje tillata konservative biskopar.

-Skaaheim seier Jørgensen meiner at det synspunktet de har, krenkjer menneskeverdet til homofile?
-Vel, då han vart vigsla til biskop, måtte han lova å halda Guds ord. Guds ord er heilt klart når det gjelde homofilt samkvæme. Om Jørgensen meiner at det han meinte før, krenkjer menneskeverdet, seier han samstundes at Bibelen krenker menneskeverdet.

-Er det ikkje på tide å få avskipa statskyrkja?
-Statskyrkja er eit stillas som no er åt å ramla i hop. Men det ramlar ikkje i hop på grunn av Statskyrkja, men på grunn av dei som meiner nok anna enn Guds ord. Vi avskipa Statskyrkja, men eg er ikkje sikker på at vi får eit så mykje betre åndeleg klima av den grunn.

Biskop Jørgensen har ingen problem med å gå ved at han har endra synspunkt på homofilt samliv i kyrkja.
– Da eg var generalsekretær i Det Norske Misjonsselskap, hadde eg det tradisjonelle synet åt organisasjonen. Eg arbeidde aktivt for at dei ikkje skulle vedta partnarskapslova som kom i 1993, eg var til og med på møte i Justiskomiteen i Stortinget og bad dei ikkje vedtaka ei slik lov, og ja, eg tok inititativet til brevet som du har fått tilgjenge til.

I 2000 vart Jørgensen av Bondevik I utnemnd til domprost Bodø, som har lange tradisjonar for å vera ein radikal del av norsk kyrkje.
-Det hende fleire ting i livet som førde meg meir i kontakt med den løynde sida av det å vera homofil og kva smerte det kan påføra menneske. Ei tid etter at eg vart domprost, vart eg utfordra av foreldregruppa i Open kyrkjegruppe (ein organisasjon av homofile innanfor kyrkja, red.merk.) på homofilistandspunktet mitt.

Etter ein lang refleksjonsprosess kom Jørgensen til at han laut endra synspunkt på homofilt samliv.
-Ein prosess som byrja rundt 1997-97, medan eg var generalsekretær i Det norske Misjonsselskap, førde altså fram til at eg no gjekk ope ut med eit nytt standpunkt.
Så utnemnde kyrkjeminister Giske Jørgensen til biskop hausten 2006. No går han inn for at kyrkja skal vigja homofile.
-At eg no er med i ei gruppe som skal utarbeida eit slikt ritual, har ingenting med at eg vart vigsla til biskop.

-Og no stør du Aps syn på korleis statskyrkja skal verta, eit syn som ber i seg at kyrkja får meir sjølvstyre etter kvart som ho vert meir mogen for det?
-I arbeidet mitt her oppe som prest er eg vorten meir og meir oppteken av at kyrkja må utvikla seg organisatorisk og få betre praktiske løysningar. Det er eit syn som eg oppfattar at sentralstyret i Ap og har. På meg verkar det som om fleire og fleire har fått syn for at dette er ein veg å gå. I så måte representerere synet til sentralstyet mykje godt.

-Skjønar du at nokon kan meina du er opportunistisk, at du er ein som samsvarar med uttrykket ”Fortel meg kvar du sit, og eg skal fortelja deg kvar du står”?
-Det må du gjerne ha som diagnose eller observasjon. Eg vil tru at kvart eit menneske går gjennom ei utvekling alt etter kven ein har kontakt med og kva slags kontekst ein arbeider i. Homofilispørsmålet er eit stort spørsmål. Nokre med mitt standpunkt hadde nok hatt vanskeleg for å fungera i organisasjonar som ikkje deler eit slikt synpunkt. Eg kunne neppe ha vore generalsekretær i Det Norske Misjonsselskap i dag.

-Trur du ei Krf-regjering kunne utnemnd deg til biskop?
-Ei slik problemstilling har eg aldri tenkt på. Eg freistar å vera så ærleg som råd er og gjera meg opp meiningar i samsvar med det.

Kommentarer

  1. Jeg synes Biskop Tor gir en god beskrivelse av en refleksjonsprosess, der han komme i kontakt med nye miljøer, og tar sin nye erfaring inn i sin teologiske refleksjonen. Jeg kan ikke skjønne at det er kritikkverdig. Systematisk teologi og etikk må selvsagt bringe erfaring fra livet inn i den teologiske refleksjonen, sammen med kirkens historie, bibelteologisk refleksjon mm. Biskop Tor er åpen om at han har hatt en vei å gå, og det er helt greit. Det kan da ikke være det teologiske korrekte å nødvendigvis stå for det samme hele livet. Å koble dette sammen med en helt åpen hypotese om at dette er karriereplanlegging fra biskop Tor, synes jeg er ufint. Det kan lett betraktes som et forsøk på karakterdrap. Og kan vanskelig forenes med Luthers forklaring til det 8. bud; om å ta alt i beste mening. Mange debatter i samfunn og kirke hadde vært lettere om vi prøvde å lese hverandres standpunkter og utspill nettopp ut fra en tanke om å ta alt i beste mening.

    Martin Enstad, sokneprest i Øksnes, Vesterålen prosti, Sør-Hålogaland bispedømme

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Islamsk ekstremisme hindrer trosfrihet

Baby på flukt

Jul… men ikke som før!